↧
Article 24
↧
Slutt å mas
↧
↧
Plutseleg var det snart jul, jo
Berre hugs på at meininga med jula er å roe ned, tenke djupe tankar og sånn. At du gjer noko feil om du nesten får epileptisk anfall ved å gå over dørstokken på Nille. Og dersom å suse rundt for å ordne papir og glitter og stæsj til folk som allereie har meir enn alt nesten gjer at du må utsetje masteren eit semester.
Det handlar om kvilepuls og Jesus her, altså.
Og Hansa julebrus.

Heimlengsle
↧
And I can't breathe without you, but I have to
Det er godt ein ikkje veit kva som skal skje. Godt eg ikkje visste at den telefonsamtalen i desember, som vanleg avslutta med mitt "veldig glad i deg" og hennar "så glad i deg òg, Junemolen; du anar ikkje kor glad eg er i deg", var siste gongen eg skulle få høyre stemma hennar. At siste gongen eg fekk sjå henne skulle eg sitje ved ei sjukehusseng og stryke henne over håret, og seie farvel for alltid.
Godaste Momma mi. Min store tryggleik og klippe. Så klok og full av omsorg og ein eineståande humor. Så ungdommeleg og alltid like ny. Så mykje, som ho var. Og no er ho borte, og eg må bere alt vi delte vidare åleine.
Aldri meir sjokoladekaffi med to sukettar i (ho var den einaste i verda som òg likte det) ved kjøkenbordet klokka fire om natta, med prat, kryssord og spøt. Aldri meir sykle på Kalvågen og handle til laksewraps, som ho elska at eg laga til henne. Aldri meir sitje i gyngestolen og smile av den gode, trygge trallinga hennar frå gangen, kjenne sånn på den inderlege roen som berre fins der borte. Aldri meir mommabollar eller -natronkaker. Aldri meir gå og legge meg under skråtaket ("gå først du, så kjem eg og seier god natt"), vente på dei rolege stega hennar i trappa, at ho kom og sette seg på sengekanten ("no er alle dørene låst; her er ingenting å vere redd"). Same prosedyren om eg var ti eller tjuefire. Gli inn i søvnen til den trygge dullinga hennar der nede. Aldri meir sjå henne stå og vinke i glaset når eg kom og når eg drog. Aldri meir ringe henne etter midnatt, fordi eg visste at ho òg var vaken.
At ingenting av dette lenger er mogleg er så fjernt og vondt at eg mesteparten av tida er forskånt for tanken, og dei få gongane det verkeleg treng gjennom er det nesten ikkje til å bere.
Eg er så glad at eg frå så tidleg av prioriterte å vere mykje hos henne; såg på det som den største skatt, heilt til det siste. På dataen har eg eit dokument som eg byrja å skrive på i tenåra, samle episodar og gullkorn. Var så oppteken av at det ikkje måtte gå tapt. Det har no vekse seg svært så langt, og eg vil fortsetje. Mamma har lova å supplere med ting ho hugsar, og eg kjem nok til å tyne resten av familien òg.
- Ska du skrive ned ditta dar? Eg er no so tyla!
- Ja, eg ska skrive bok om deg en dag, Momma!
- Å, ska du deeet? Då so. Ja du June, du June!
Eg er uendeleg stolt av alt eg har frå henne, og eg skjønar kor heldig eg er. Som fekk ha dette fantastiske mennesket ikkje berre som mormor, men òg som ein av mine aller beste vener. Som stadig fekk formidla kva ho betydde for meg medan ho levde, i likskap med resten av familien - ho visste kor elska ho var. Som fekk lov til å lære henne å kjenne som barn, ungdom og vaksen. Som på grunn av dette har eit uendeleg hav av gode minner.
Men korleis går ein vidare, når alt dette gjer tapet så stort?
I familien - min fantastiske familie - er vi veldig opptekne av å fortsetje livet i hennar ånd, for kva hadde ho vel ønska meir enn at vi skulle vere glade, ha det godt, ete godt, le, unne oss alt av det beste og helst litt til.
Dagane dreg meg med. Master, jobb, dans, vener. Men absolutt alt minner meg om henne.
Men det er så gode minne. Ein dag vil det ikkje lenger gjere så vondt, berre vere takksemd.

Slå, mitt hjerte, slå
For nokre år sidan vart eg kontakta av ein lokal musikar heimanfrå, som òg er ei veninne av mi søster. Ho hadde sett eit dikt eg hadde skrive på ein kalender eg hadde laga til søstera mi, og lurte på om eg ville vere med å bidra til songtekstar som vonleg skulle bli plate i framtida. Dette ville eg så klart. I år kom plata, og det er berre så bra! Eg diggar den totalt, og det kunne eg ha sagt heilt uavhengig av kjennskap. Den har vorte godt motteken, fekk mellom anna terningkast 5 her og her og det fortenar Laila Beathe så sjukt! Er så utruleg glad på hennar vegne.
Og så må eg få legge til at det var litt stas å høyre namnet sitt nemnt i same andedrag som Finn Tokvam og Halvor Folgerø, som òg har bidrege med tekst på plata, sidan dei er forfattarar av ei av mine yndlingsbøker, Tyl.
Eg er fantastisk heldig som har fått lov å jobbe med denne flotte personen og musikaren, få ei slik erfaring. Musikken hennar (Laila B Band går den under) kan du laste ned på iTunes, høyre på Spotify (og nokre på Youtube) eller kjøpe fysisk (plata) ved å sende ein mail til Laila; du finn mailadressa her.
Under er musikkvideoen til "Slå, mitt hjerte, slå", som er den eg har bidrege mest på. Synest videoen vart så fin! Og han som er skodespelaren traff eg på ein av kosertane her i Bergen, han var så triveleg og kom med godord til meg. Fekk òg helst på Tokvam og Folgerø og proklamert min udøydelege kjærleik til Tyl, det var òg veldig kjekt!
Men min personlege favoritt av songane er "Det blir bra på et vis", som eg har bidrege med nokre linjer til. Den skulle jo vise seg å bli svært så trøystande akkurat no.
Tusen takk til fantastiske Laila Beathe for at eg fekk lov til å vere ein liten del av dette!

Vegrar meg for å reise heim, for då vil det vere sant. Å sjå det huset tomt når bussen køyrer over brua.
Var jo heime til gravferda, men det var annleis; eit slags unntaksmodus.
Det normale no ville vere å reise til henne. Og eg veit ikkje kor lang tid det vil ta meg å verkeleg fatte at det ikkje er mogleg.

Jeg lar tankene dra til havet,
og lar hele mitt sinn følge med.
Mine sko tar jeg av ute ved havet,
bare tær mot en salig fred.
Sender sorgen mot horisonten,
der hvor verden en gang rundet av.
Den vil fanges så lett av horisonten,
mellom himmel og vide hav.
Får jeg låne denne stund ved havet,
får jeg hvile her som den jeg er.
Risse sannheten i sand,
skylles bort av saltet vann.
Alt som jeg vet finnes her og nå.
Tekst: "Ved havet" av Cecilie Larsen
(Helene Bøksle syng den, veldig fin)
(Helene Bøksle syng den, veldig fin)
↧
Boklaurdag
Jobben på Litteraturhuset gjev rikeleg med anledning til å gå amok i lånehyllene, spesielt dei rolege laurdagsvaktene i Boksalongen (bortsett frå i dag, då Odd Nordstoga trakk mange menneskje som skulle kaupe songboka hans og få den signert. Eg både tok på han og utveksla ord. Diggar han Ødd).
Uansett, her er nokre av skattane eg har funne:
Den mest tenkelige av alle verdener av Ingvild Burkey:
Hva nå, kjære? av Kristian Bergquist:
Jeg satte mitt håp til verden av Cathrine Grøndahl:
Åleine med orda av Signe Seim:
Ikkje tolk foreldre/barn-tematikken som at eg har vorte verpesjuk, please.
Åh, det minner meg på at eg har Freia sjokoladeegg i kjøleskapet.
Sweet.

This is the land of a thousand words. But it seems so few are worth the breath to say.
Sorgens språk, frå utsida:
Det stikk i meg, utan unntak, kvar gong eg får nokon av desse retta mot meg. Uansett kor godt meint, uansett kor sant.
Har tenkt på ein ting, kvifor er det ingen som seier "sånn er livet" når det skjer noko bra, berre når det skjer noko dårleg? Kvifor er det ingen som skyt hendene i veret og ropar "sånn er livet!" når ein får A på eksamen, vinn 500 kroner på skrapelodd, blir frisk frå sjukdom, blir forelska i nokon som blir forelska tilbake, og så vidare?
For sånn er jo livet òg.
Trur nesten eg må byrje å gjere det.
Må jo vere likevekt i verda lizam.
- Sånn er livet.
- Livet går vidare.
- Det kunne vore verre.
Det stikk i meg, utan unntak, kvar gong eg får nokon av desse retta mot meg. Uansett kor godt meint, uansett kor sant.
Har tenkt på ein ting, kvifor er det ingen som seier "sånn er livet" når det skjer noko bra, berre når det skjer noko dårleg? Kvifor er det ingen som skyt hendene i veret og ropar "sånn er livet!" når ein får A på eksamen, vinn 500 kroner på skrapelodd, blir frisk frå sjukdom, blir forelska i nokon som blir forelska tilbake, og så vidare?
For sånn er jo livet òg.
Trur nesten eg må byrje å gjere det.
Må jo vere likevekt i verda lizam.
↧
↧
The wedding planners
I november var eg så heldig å få vere forlovar i bryllaupet til ei av mine beste veninner. Det var ganske så spesielt på alle vis, mellom anna fordi det var kombinert bryllaup og dåp, men ingen andre enn paret sjølv og fire-fem andre visste om at det ikkje berre skulle vere ein dåp. Dette hemmelegheitskremmeriet førte til mange artige opplevingar, som på morgonen då Mamma kom ned og skulle ha seg kaffi (vi skulle pynte oss hos meg) og nesten sette den i halsen då Michelle sto midt på golvet i brudekjole ("JUNÆ! OG DU SA'KJE NÅKE TE MÆÆÆG!"). Eller alle sine spørsmål om kvifor denne dåpen skulle vere på ein laurdag (Mamma: "JUNÆ, altså, ditta må du forklare meg, at dåpa ska vere på ein lørdag! Korleis forklarar du det?!").
Ah, good times.
Mimring tilbake til ei fantastisk helg:
Er SÅ lukkeleg for at det vart ein magisk dag for brudeparet! Og takkar igjen for det ærefulle oppdraget.
Ah, good times.
Mimring tilbake til ei fantastisk helg:
Utdrikningslag på spa, i eit solariumsrom som gav ein imponerande illusjon av Syden. Sjukt rart å kome ut derfrå til novemberruskevêr. Men fy som vi kosa oss. |
Sit fast i kjolen, sa brura. Men det gjekk bra til slutt. |
Eg gugla meg klok på pliktene mine, og fann til dømes ut mykje nyttig om forlovar-survival kit. |
Hjarte. |
Tidenes kulaste bryllaupskake. |
Og finaste brudekjolen; som skapt for bruda. |
Henrien som var eksemplarisk fadder. |
Ein må jo ikkje gløyme dåpsbarnet! Heilt uvitande om det heile. Goingen. |
Sånn ser ein post-forlovar ut. Gjekk heim frå festen for tidleg; utlada av førebuing, hemmelegholding, talenervar, osv. |
Er SÅ lukkeleg for at det vart ein magisk dag for brudeparet! Og takkar igjen for det ærefulle oppdraget.
↧
Javel
Har flytta (igjen. Og igjen). Denne gongen solo. Trudde eg.
Dagen eg kom med flyttelasset var det ein kompis som ville vere med. Smatt seg inn og forveksla min nye kåk med sin eigen heim, og meg med sin eldste ven:

Sjukt needy.
Og kvar gong eg ymta frampå at han kanskje burde gå heim, sette han Puss In Boots-blikket i meg.
... opptil fleire gongar.
Så var ikkje så mykje å gjere.
Må kanskje legge til at det er ein av dei vakraste kattane eg har sett.
...både innvendig og utvendig.
↧
Spire
Er på austlandet igjen. Og gror ting.
Etter to somrar og to førjulstider her, fann eg ut at eg måtte oppleve våren òg på denne magiske staden.
Så no gror det både salatfrø og masterfrø og personlege frø og alt anna du kan tenke deg av bra saker som kan gro.
Og det er rimeleg okei. Faktisk heilt fantastisk.
Endeleg vår.

Dagane her
To veker:
Og eg har sett blåveisar for første gong (trur eg). Eg har skrive skumle søknadar, vrengt ut masterstoff (treigt, men framover). Eg har forundra meg over austlandet sin geografi, korleis ein liksom ser at verda er rund her, fordi fjella sperrar ikkje for sikten (men dei passar jo på ein); ein kan sjå så langt. Eg har besøkt nærområde, kome i snakk med mange framande (eg, liksom) som alle har verka meant-to-be-plassert på min vei med det dei prata om. Sluttar aldri å undre meg over kor ein opnar seg opp mot verda når ein kjem til ein ny stad; treng ikkje reise noko langt. Eg har lese og grått, skrive og grått, gått i skogen og grått. Eg har hatt i fanget kvar dag verdas mest drektige og kosete katt som lukta jord. Eg har endeleg fått teke melk-i-te-bilete in action. Eg har fått frekner og smilt og ledd med dei her som eg har vorte så glad i her, prata om universet og det meste i det, og grått med nokre av dei òg. Eg har fått nye bekjentskapar. Eg har spira og vakse, som dei pittesmå karsefrøa vi la i våt bomull som bana veg ut av seg sjølv og vart til plantar på tre dagar.
I morgon reiser eg, men kjem alltid attende. Slik er det når ein har røta seg ein stad.
![]()

Datt-ned-i-mellomrommet-som-teppet-laga-i-armlenet-som-visst-ikkje-var-så-stødig-tryne.
Gjekk-visst-bra-ehehehehe-tryne.
Livet-er-okei-tryne.
↧
↧
Linselus
Kjøpte meg jo speilrefleks i haust, og i desember prøvde eg meg på stjernehimmelfotografering etter heftig googling. Fekk ikkje heilt til, må finne ut av noko greier med å få endå lengre lukkartid, men kjekt var det i alle fall! Ein vakker dag skal eg ha vorte superekspert på kameraet mitt, sånn at eg kan reise til Tromsø igjen og ta bilete av nordlyset.
↧
Folk
Sto på busstoppet på hjørnet av 7-Eleven og venta på 30-bussen. Hadde nettopp spegla meg i vindauget til for å feste ei fliseklemme; rynka litt mot det trøytte andletet som såg tilbake. Ein sånn hendene-i-kors-dag. Så vart eg ståande og sjå litt på folka som strøyma forbi meg, inn og ut av medvitet mitt, lurte på korleis eg såg ut i deira blikk. I mengda kom plutseleg eit smilande ansikt min veg, med smilet retta mot meg. Etter å ha konstatert at eg ikkje kjende vedkommande, og at det berre var ein hyggeleg framand, smilte eg tilbake og såg ned med éin gong, slik eg pleier når eg smiler til nokon. Byrja ein liten refleksjon over at framande som smiler til ein må vere noko av meininga med livet. Så høyrer eg "unnskyld", og kika spørjande opp. Ho hadde stoppa rett framfor meg; eg trudde ho berre gjekk rett forbi.
- Har noen sagt til deg i dag at du er så vakker?

The place to be
↧
Tromsæ
Er i Nordens Paris att. Tok meg ein tur saman med tante og søskenbarn, til tante Magni her. Overlevde nok ein gong flytur (can you believe it?), og vårt skip er no lasta med fisking i båt ved landstaden, grilling, slentring i Storgata (hashtag: garnbutikk), hengekøye, fotball-VM (lesing for min del), treklatring, elgjakt, (skyte dei med kamera, altså; ikkje gevær eller kva det no er ein brukar) og andre feriesyslar. Eit meget oppegåande avbrekk frå lesesalen, som eg må tilbake til om ei lita veke. Slik er det når ein har utsett masterinnlevering.
Men det måtte bli så, for det var uaktuelt å brenne seg ut og opp og ned for å levere 15. mai, så då tek eg heller prisen å betale, som er å ha oppgåva hengande over seg i sumar. Ei god trening i å ta mentale småferiar, noko eg igjen skal gjere når eg reiser på gard att i juli.

Frå min forrige Tromsø-tur, i haust.
↧
↧
How I wish you were still here with me
↧
Holt - to somrar
Dette innlegget har teke meg eit år, eller eigentleg to, å lage. Nokon gongar er noko så bra at du vil halde det tett inntil brystet så lenge du kan før du let det sleppe ut. For korleis kan ein uansett yte opplevinga rettferd, i ord og bilete? Slik er det med desse to somrane på garden eg har blitt så veldig glad i.
Kanskje byrje med starten.
Eg kom dit første gong sommaren 2012 via Grønt Spa'tak (å melde meg på det er på topp fem-lista over beste livsavgjerder). Og hugsar enno den kjensla då bilen køyrte inn på tunet. Hadde vore så nervøs, ante jo ikkje kvar eg kom til å hamne, men då eg såg gardstunet vart eg så roleg. Sidan har det vore slik kvar gong, og i morgon er eg der igjen, for sjuande gong).
Trudde eigentleg ikkje det kunne bli betre, men så kom fjorårets sommar.
Så er det nokre ting som står klarare enn andre. Fleire gongar når ting har vore tunge dette året, så har eg henta fram minnet om då Julie og eg impulshoppa frå ei brygge i Horten. Det var etter ein veldig fin sommarkonsert som alle på garden var på. Vi skulle eigentleg køyre heim, og drog berre ned på brygga for å beundre solnedgangen.
Kanskje byrje med starten.
Eg kom dit første gong sommaren 2012 via Grønt Spa'tak (å melde meg på det er på topp fem-lista over beste livsavgjerder). Og hugsar enno den kjensla då bilen køyrte inn på tunet. Hadde vore så nervøs, ante jo ikkje kvar eg kom til å hamne, men då eg såg gardstunet vart eg så roleg. Sidan har det vore slik kvar gong, og i morgon er eg der igjen, for sjuande gong).
Eg lærte meg fort å elske denne plassen.
... både utvendig og innvendig...
.... roa i å sitje og sjå ut over åkeren...
... synet av tilfredse dyr...
... gårdskaféen og den heilt spesielle lukta som den har. Vanskeleg å forklare. Men trygg og god.
Eg lærte masse om økologisk landbruk.
Kjensla av å berre kunne gå ut i hagen og plukke ting til middagen.

Eller lage te av mynteblad.
Og å knyte band til det opne, svingete, rare vestfoldlandskapet med sine lange kornåkrar som er så heilt annleis enn vestlandet, men likevel noko eg kan kjenne meg heime i.
Og å bli glad i stadene som omkransa garden. Som Tønsberg...
... Åsgårdstrand.
Eg vart introdusert for verdas mest kosete kattar...
... og den raraste påfuglen i historia; Ari. Og mange fleire artige skapningar

Eg kom forresten saman Adrian, òg frå Spa'tak. Konge fyr.
Det var ein veldig fin sommar.
Då møtte eg dei to her; Julie og Margrethe.
Og han her; Johannes. Som eg eigentleg møtte året før, men då skulle han reise dagen eg kom.
(Eit minne: dugnad i åkeren, der fleire naboar var med, som enda i allsang.
Den uoffisielle opprettinga av The Farmers Bullshit Band).

Og der, mellom arbeid...
(Siste sju foto: Julie A.)
... kvile...
(Foto: Julie A.)
... og gøy, som sykkelturar...
... oppsto magiske venskapsband og augeblikk som eg lev på enno, og sikkert til eg døyr, minst.
Det er så masse. Og eg kan ikkje få med alt uansett kor mykje eg vil.
Men noko i alle fall. Som vasskrig med melkespann...

... nakenheit i landets minste rundkøyring...
... og då vi fann ut at vi måtte nesten ta på blåbæransiktsmasker i drøyt matchande kjolar og klatre opp i eit tre, for så å gå på blåbærtur i skogen med maskene framleis på, og bli etne opp av mygg.
... all latteren. Trur vi lo åtti prosent av tida...
(Til venstre er forresten bondekona Rakel, som eg òg har vorte så glad i).
Gardsføter.
![]()
Då vi sprengte budsjett og anstendigheit for matinntak på Yoghurt Heaven.

(Siste ni foto: Julie A.)
Gardsføter.
Då vi presterte å kaste høy i staden for halm ned til kyrne, endå vi nettopp hadde fått ei innføring av bondekona om forskjelen. Vi berre: Høy? Halm? Shit the same.
Då vi sprengte budsjett og anstendigheit for matinntak på Yoghurt Heaven.
(Siste to foto: Julie A.)
Gardslår.
Så er det nokre ting som står klarare enn andre. Fleire gongar når ting har vore tunge dette året, så har eg henta fram minnet om då Julie og eg impulshoppa frå ei brygge i Horten. Det var etter ein veldig fin sommarkonsert som alle på garden var på. Vi skulle eigentleg køyre heim, og drog berre ned på brygga for å beundre solnedgangen.
(Foto: Julie A.)
Eg trur faktisk ikkje det går an å ha det betre enn det her.
Her ser eg litt ut som ein sel.
![]()
For ein skatt det er. Garden, at eg er så heldig å få kome igjen og igjen. Menneska eg møter, alt eg opplever og kjenner. Eg er så meg sjølv når eg er der. Det er så lett.
Vertskapen har så til dei grader treft blink med slagordet sitt: en ramme for livet. Eg håpar dei veit det, kor bra det er det dei har fått til. Kor magisk den staden, noko som så mange som kjem dit føler på. Om dei ikkje veit det nok, så er det kanskje ikkje så dumt å skrive det på ein blogg og gje dei linken.
Eg har hatt nokre av mine lukkelegaste augeblikk der.
..........
Nokre notat eg fann:
Bileta er glasklåre, eg kan mane dei fram kor tid som helst. Blikket mitt utover kornengene under denblå himmelen, vinden medan vi susar gjennom vestfoldbakkar, over heier, forbi gardsbruk på gardsbruk, eg snur meg mot dei to som er bak og smiler, dei smiler tilbake og ringer med klokkene, vi ler.
Når ein ikkje vil legge seg fordi dagen er betre enn draumane. Når ein veit ein lagar minner medan det skjer, og at det vil ta slutt for fort og etterlate ein sørgande, men likevel klarar å nyte det til det fulle.
.............
I heile år har vi som snakka på chat og meldingar om neste sommer, som både spelar på DeLillos-låta vi sang så mykje på (den og "Idyll" med Postgirobygget), og forventningane knytt til den faktiske neste sommaren. Om vi ville klare å få til ein ny tur samtidig. Og no er den her; no får vi det til. (Minus éin. Margrethe, du vil bli sårt sakna). Julie og Johannes er der allereie, og eg sit no på toget.
Litt farleg å knyte så mange forventningar. Men sommaren 2013 vil aldri forsvinne.
(Siste tre foto: Julie A.)
Så har ein det kvardagslege, det som vev alt saman.
Dei langsame måltida; omtrent alle ute. Samtalane rundt bordet.
Her er forresten bonde Roar. I mitt hjarte.
Stille, stille kveldar.
Det er kanskje kjensla av desse eg hugsar aller best.
Bortsett frå når melkebilen kom og skremde livskiten av oss (meg).
Hadde alltid lurt på kvar all den melka vart av.

(Siste fem foto: Julie A.)
Så reiste dei, og eg var åleine att. Fann trøst i trea.
Eller meir spesifikt: treet. Eit stort eit ved jordet som ein kan klatre opp i, sitje i og tenke.
Med fin utsikt...
... og vere takksam. (Og bustete).
Elskar bilete der eg hugsar akkurat kva eg tenkte då det vart teke, og at eg kan sjå det i andletet mitt.
Fann òg trøst i pusane. Det vart så stilt. All latteren vår runga framleis på tunet og rundtom, men dei var jo reist. Og eg gret. Vemodet i at noko så fint måtte ta slutt, men samtidig den enorme gleda. Og som Rakel så fint sa til meg: "De har ledd og ledd. No gret du, og det er kanskje slik det skal vere. Det må vere ei balanse i det òg".
For ein skatt det er. Garden, at eg er så heldig å få kome igjen og igjen. Menneska eg møter, alt eg opplever og kjenner. Eg er så meg sjølv når eg er der. Det er så lett.
Vertskapen har så til dei grader treft blink med slagordet sitt: en ramme for livet. Eg håpar dei veit det, kor bra det er det dei har fått til. Kor magisk den staden, noko som så mange som kjem dit føler på. Om dei ikkje veit det nok, så er det kanskje ikkje så dumt å skrive det på ein blogg og gje dei linken.
Eg har hatt nokre av mine lukkelegaste augeblikk der.
..........
Nokre notat eg fann:
Bileta er glasklåre, eg kan mane dei fram kor tid som helst. Blikket mitt utover kornengene under denblå himmelen, vinden medan vi susar gjennom vestfoldbakkar, over heier, forbi gardsbruk på gardsbruk, eg snur meg mot dei to som er bak og smiler, dei smiler tilbake og ringer med klokkene, vi ler.
Når ein ikkje vil legge seg fordi dagen er betre enn draumane. Når ein veit ein lagar minner medan det skjer, og at det vil ta slutt for fort og etterlate ein sørgande, men likevel klarar å nyte det til det fulle.
.............
I heile år har vi som snakka på chat og meldingar om neste sommer, som både spelar på DeLillos-låta vi sang så mykje på (den og "Idyll" med Postgirobygget), og forventningane knytt til den faktiske neste sommaren. Om vi ville klare å få til ein ny tur samtidig. Og no er den her; no får vi det til. (Minus éin. Margrethe, du vil bli sårt sakna). Julie og Johannes er der allereie, og eg sit no på toget.
Litt farleg å knyte så mange forventningar. Men sommaren 2013 vil aldri forsvinne.
Det var solnedgang
Det var latter, det var sang.
Det var sommerfri
Det var sjø og magi
Det var deg og det var meg
Det var minner som aldri vil dø
Det var evighet.
(Siste fire foto: Julie A.)
↧
Kvartlivskrise
Bortsett frå at det er slett ikkje noko krise.
Ein kunne tenkt at frå no av er 30 nærare enn 20. At dette er eit slags skummelt match point. Ein kunne tenke på at snart må ein vel byrje med "skikkelige" vaksenting, at frå no av går greiene nedover.
Men det eg tenker på er kor lukkeleg eg er. At livet har aldri vore betre enn no. At eg blir meir og meir meg sjølv. At det som før var så farleg, er no så smått. At alt som skulle bli så mykje verre sidan, aldri skjedde. Og det som faktisk skjer, blir eg berre betre og betre rusta til å takle.
At det som er i vente, vil kome naturleg. No rush.
At livsfilosofien er, og alltid må vere, the best is yet to come.
Eg står støtt, og kven skulle trudd det? Ikkje eg i alle fall.
Gratulerer så mykje med dagen, Junemor! All is well.
(Og dude! Eg har framleis ikkje fått det grå håret!)